Grasrotandelen

Vær med å støtte Volda Ørsta flyklubb 

Grasrotandelen 

Ved å velge flyklubben som din grasrotmottakar er du med å støtte oss økonomisk, utan at du tapar ei krone.
5% av innsatsen din går til ein organisasjon som står ditt hjerte nær.
Desse pengane vert ikkje tekne frå premiepotten, men frå drifta og overskotet til Norsk tipping. Overskotet til N.T. går direkte inn i statskassa.
Du kan endre grasrotmottakar så ofte du vil.

I tida framover har klubben eit par store utfordringar, med ny fueltank og evnt. flytting/nybygging av hangar ifm utbygginga av Ørsta Volda lufthamn.


Flyplass


Registrering av grasrotmottakar er enkelt.
Ved tipping på nett er det berre å søke etter Volda Ørsta flyklubb, eller org. nr.: 996745813

Tippar du hos kommisjonær kan du gjere det på fylgjande måte:
Last ned og skriv ut dette dokumentet.
grasrotandel_visittkort.pdf
Klipp deretter ut etter dei heiltrukne grå linjene, og brett på midten etter dei stipla linjene.

Dette kortet kan då leggast i lommeboka saman med tippekortet, slik at du hugsar å levere det neste gong du tippar hos tippekommisjonæren.

 



Facebook

 

 

Bli medlem!

Klikk her for å melde deg inn i Volda Ørsta flyklubb.

 

myWebLog