Om flyklubben


Volda Ørsta flyklubb


Vi er ein kombinert motor-/mikro-/modellflyklubb som held til på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden - midt mellom bygdebyane Volda og Ørsta.
Klubben har omlag 65 medlemmar.

Vi disponerer ein Reims/Cessna 172 som klubb- og skulefly på motorsida, medan det er fleire mikro-/motorfly i privat eige. Flyklubben skal i løpet av våren 2017 byggja ny hangar ved sida av Widerøe sin hangar som skal nyttast av flyklubben og Avinor. 

Sjå alle flya våre ved å klikke på lenkjene til venstre.

Klubben har fått si eiga side på Facebook. Klikk på linken nede for å sjå sida.

 


 

Ny logo og domenenamn.

Volda og Ørsta flyklubb har fått ny logo.

Ny logo
Logoen symboliserar Volda Ørsta flyklubb i den blå himmelkvelvingen med Sunnmørsalpane under.
Logoen er utarbeidd i samarbeid med studentar på Høgskulen i Volda.

Vi har også fått nye domenenamn, www.voldaørstaflyklubb.no (www.voldaorstaflyklubb.no for dei utan norsk tastatur)

Vi håper at desse endringane skal skape ein opptur for klubben, og at vi vil få fleire nye medlemmar i tida framover.

 


 

Historien til Volda Ørsta flyklubb

Flyklubben vart stifta 20. august 1969, og har vore eit samlingspunkt for fleire forskjelllige luftsportsaktivitetar på Søre Sunnmøre.
I perioda før flyplassen vart bygd var det flyaktivitet blant anna på Rotevatnet i Volda med motor- og seglfly.
Då flyplassen vart opna i 1971, bygde klubben hangar der, og sidan den gong har klubben hatt base på Hovden.
Klubben er underlagt Norsk aeroklubb, og vart hausten 2000 tatt opp i i Norges idrettsforbund under luftsportsforbundet.
I 2003 slo motor- og mikroflyklubben seg saman, og idag har klubben felles styre og økonomi, men eigne fagsjefar.

 

 


 

Samansetjinga av klubbstyret

Verv Namn
Leiar Oddvar Strand
Nestleiar David Füssle
Sekretær Svenne Naumann
Kasserar Kjetil Svenkerud
Styremedlem Askjell Molvær
Varamedlem Roy Almestad

Oppdatert 7. april 2013 

 

 

Facebook

 

 

Bli medlem!

Klikk her for å melde deg inn i Volda Ørsta flyklubb.

 

myWebLog

Du finn oss også på: