Bli pilot

 

Har du lyst til å bli pilot?

 

Med et PPL-A seritifikat kan du fly motorfly som du har rettighetar til å føre. Ein har ikkje lov å ta betaling for å fly, men det er mogleg å dele på utgiftene. Har du lyst til å bli pilot anbefalar vi at du melder deg på eit nettkurs og tek teorien før ein byrjar på det praktiske flygeprogrammet.
Klubben stiller gjerne opp og kan bidra med støtteundervisning om det skulle vere behov/ynskjeleg. 

For å bli Privatflygar krevs det medisinsk sertifikat kl. 2. Ein må ha bestått eksamen i 9 fag, dei faga er: 

  • Lover og bestemmelser
  • Luftfartøylære
  • Ytelser og flygeplanlegging
  • Menneskelige ytelser og begrensninger
  • Meteorologi
  • Navigasjon
  • Operasjonelle prosedyrer
  • Flygeteori
  • Kommunikasjon

Den praktiske delen består av instruksjonstimar med instruktør og soloflyging. Det er krav til minimum 45 timar flyging, der 10 timar består av soloflyging. Det er sjeldant at ein klarer å komme i mål på minstekravet, så noko ekstra trening må takast høgde for. Etter bestått teorieksamen hjå Luftfartstilsynet kan vi vere behjelpelege med å gjennomføre den praktiske delen med flytimer. 
Minstealder for å få PPL-A er 17 år, og ein må være fyllt 16 år for å fly solo. 

Nokre stadar som har teorikurs:
Privatfly
Luftfartsskolen

 

Ta kontakt med skulesjef Sven Patrik Andersson for meir informasjon.

 

Du kan også bestille flyging med instruktør dersom du ynskjer å prøve å fly for å sjå om det kan være noko for deg!

 

Plakat VØF

Facebook

 

 

Bli medlem!

Klikk her for å melde deg inn i Volda Ørsta flyklubb.

 

myWebLog

Du finn oss også på: